29.03.2011

Bioteknologisk tidslinje 2000–2010

DNA-molekyl. Foto: yaymicro.com.

Bioteknologinemnda har ei tidslinje som viser bruk av bio- og genteknologi opp gjennom tidene. Vi har no utvida tidslinja med viktige hendingar i tiåret 2000–2010.

Av Norunn K. Torheim, ekstraartikkel til GENialt 1/2011

2000

I juni dette året blir det offentleggjort at det humane genomet er ferdig sekvensert av Celera Genomics og Human Genome Project (sjå artikkel om dette).

Grisar blir klona. Ein håpar å kunne bruke dei til å lage organ for menneske (ved hjelp av xenotransplantasjon). I ettertid har det vist seg at dette ikkje var så enkelt som teorien tilsa.

Forskinga bak Golden Rice blir publisert i Science. Rissorten er genmodifisert slik at den produserer meir provitamin A som blir omdanna til vitamin A i kroppen, for å unngå at underernærde barn blir blinde (sjå artikkel i GENialt 1/2011).

Verdas første donorsysken, Adam Nash, blir født i USA. Han har ei syster som lid av Fanconi anemi. Foreldra fekk testa befrukta egg ved hjelp av preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) slik at dei kunne få eit barn som kunne donere vev til dottera.

2001

Ei skisse av sekvensen til det humane genomet blir publisert i Science og Nature i februar (sjå òg 2000).

2002

Genomet til risen blir publisert. Ris er hovudmatkjelde for to tredjedelar av verdas befolkning, og er det første kornslaget som får genomet sitt sekvensert.

2003

Sauen Dolly, det første pattedyret som vart fødd etter kloning i 1996, døyr av alvorleg lungesjukdom.

Den genmodifiserte fisken GloFish kjem på marknaden i USA. Dette er ein patentert, genmodifisert sebrafisk som lyser i nærvær av forureining. Den første av desse fiskane vart utvikla i Singapore i 1999.

Det humane genomet ferdig sekvensert. Det siste kromosomet vart publisert i 2006, men enno er det område i genomet som ikkje er sekvensert.

2008

Genomet til soyaplanten ferdig sekvensert, men det blir ikkje publisert før i 2010.

2009

Det blir publisert bevis for at Golden Rice verkar (sjå år 2000 og eigen artikkel i GENialt 1/2011).

Maisgenomet blir publisert.

2010

Forskarar ved J. Craig Venter Institute lagar den første syntetiske bakterien, Synthia. Les om dette på temasida vår om syntetisk biologi.

Den genmodifiserte poteta Amflora blir godkjent i EU. Poteta inneheld meir stivelse enn ein viss type vanleg potet og skal brukast i industrien. Les meir om poteta i GENialt 3/2010.

Laksen AquAdvantage, som er genmodifisert til å vekse raskt og utnytte fôr betre, vart søkt godkjent i USA for fleire år sidan og ein ventar no på ei avgjerd i saka. Les meir om laksen i GENialt 3/2010.

Grisen Enviropig, som utnyttar fosfor betre og som skal vere meir miljøvennleg, vart søkt godkjent i Canada og USA for mange år sidan og ein ventar no på ei avgjerd i saka. Den vart godkjent for avgrensa produksjon (ikkje til mat) i Canada i 2010.

Endringar i bioteknologilova etter 2000

2003

Det blir innført totalforbod mot forsking på befrukta egg og stamcellelinjer utvikla frå befrukta egg (såkalla embryonale stamcellelinjer). Tilgangen til bruk av gentesting av befrukta egg, såkalla preimplantasjonsdiagnostikk (PGD), blir innskrenka. PGD blir berre tillate ved alvorleg, arveleg, kjønnsbunden sjukdom.

2004

Det blir oppretta ei dispensasjonsnemnd som kan gi dispensasjon for bruk av PGD. Nemnda kan òg vurdere om ein skal få lage såkalla donorsysken eller redningssysken som kan donere stamceller til eit sjukt sysken. Dette skjer etter at ei enkelt sak, der eit par ønskjer å få eit barn som kan vere donor for eit sjukt søsken har fått stor mediemerksemd.

2008

Januar: Det ble opna for forsking på befrukta egg som er til overs etter assistert befruktning og bruk av preimplantasjonsdiagnostikk ved alvorleg, arveleg sjukdom, òg for å velje vevstype for eit komande donorsøsken.

April: Preimplantasjonsdiagnostikknemnda (PGD-nemnda), som skal behandle søknader om å få bruke PGD, blir oppnemnd.

Juni: Lesbiske par får tilgang til assistert befruktning. Endringa kom samtidig med endringa i ekteskapslova som likestilte heterofile og homofile par. Endringa tredde i kraft i januar 2009.

August: Den noverande Bioteknologinemnda blir oppnemnd av Regjeringa.

Trendar

Ikkje alle hendingar er lette å setje årstal på,  derfor gir vi her nokre generelle kommentarar knytte til trendar. Det er heller ikkje slik at det er lett å seie kva av det ein har prøvd på dei siste åra, som vil gi resultat til slutt.

  • Genmodifiserte plantar
    Frå å lage genmodifiserte planter som er resistente mot sprøytemiddel for å gi bonden større avlingar, har ein no byrja å lage genmodifiserte plantar som har andre funksjonar, for eksempel plantar som tåler tørke eller har endra næringsinnhald, for eksempel meir omega-3 eller meir einumetta feittsyrer (les meir om dette i GENialt-nummera frå 2010).
  • Genmodifiserte dyr
    Miljøvennleg gris og rasktveksande laks er noko av det ein har prøvd å lage (les meir om laksen i GENialt 3/2010).
  • Gentestar
    Stadig fleire gentestar er utvikla (sjå artikkel om ti år sidan det humane genom). Det blir òg stadig billigare å analysere heile genomet. Vil slike analysar overta, og kva konsekvensar får dette for folk? Dette er noko av det Bioteknologinemnda jobbar mykje med for tida.
  • Epigenetikk
    Medan ein fram til tusenårsskiftet stort sett konsentrerte seg om å studere gensekvensar, er ein no like opptekne av epigenetikk. Det vil seie arvbare forandringar i aktiviteten til eit gen som ikkje skuldast sjølve gensamansetninga. Dette har mykje å seie for blant anna helse og utvikling (sjå faktaboks i artikkel i GENialt 2/2010).
  • Stamceller
    Både embryonale stamceller frå befrukta egg og stamceller frå vaksne blir brukte i mange studiar for å prøve å finne ny behandling for ei rekkje sjukdomar. Forskarane har òg funne ut at det er viktig å forstå stamceller for å forstå kreft.
  • Genterapi og DNA-vaksiner
    Det som var det store håpet på byrjinga av 1990-talet, har no stilna, men ein prøver enno å kurere nokre sjukdomar ved å tilføre DNA til cellene. Immunsjukdomar og blindskap er noko av det ein har prøvd å kurere. No i mars 2011 kom nyheita om vellykka forsøk for Parkinsons sjukdom.
  • Genomsekvensering
    I løpet av tiåret har ei heil rekkje artar fått genoma sine sekvensert. Her er årstala for publisering av eit lite uval:

    • Bananfluge Drosophila melanogaster 2000
    • Mennesket Homo sapiens 2001 (skisse, ikkje fullstendig, nesten fullstendig i 2003, det siste kromosomet vart publisert i 2006, men enno er ikkje sekvensen heilt komplett)
    • Malariamygg Anopheles gambiae 2002
    • Ris Oryza sativa ssp indica og Oryza sativa japonica 2002
    • Mus Mus musculus 2002
    • Høne Gallus gallus 2004
    • Rotte Rattus norvegicus 2004
    • Hund Canis lupus familiaris 2005
    • Sjimpanse Pan troglodytes 2005
    • Honningbie Apis mellifera 2006
    • Denguefebermygg Aedes aegypti 2007
    • Hest Equus ferus caballus 2007
    • Katt Felis silvestris catus 2007
    • Soya Glycine max 2010
    • Afrikansk elefant Loxodonta africana 2009
    • Ku Bos primigenius taurus 2009
    • Mais Zea mays 2009
    • Neandertalarane Homo neanderthalensis 2010
    • Genomet til torsken blir publisert av norske forskarar i 2011
    • Laks: norske forskarar tek sikte på å publisere genomet til laksen i 2012
      Sjå fleire på Wikipedia
      .
    • Fleire enkeltindivid, blant dei erkebiskop og vinnar av Nobels fredpris Desmond Tutu, har òg fått gena sine sekvensert. Les meir om dette i GENialt 1/2010.

Er det noko du saknar på tidlinja?

Send e-post og fortell oss om det.

Siden ble opprettet: 29.03.2011. Siden ble oppdatert: 29.03.2011

Flere nyheter

Åpent møte: Sekvensering av nyfødte

07.06.2019

Genomsekvensering på friske nyfødte er nå mulig. Hindrer.. Les mer »

Sjå direkte: Trenger vi dyr for å få kjøtt?

06.06.2019

Laboratoriekjøtt, reint kjøtt, dyrefritt kjøtt og kunstig kjøtt… Les mer »

Trenger vi dyr for å få kjøtt?

16.05.2019

Laboratoriekjøtt, rent kjøtt, dyrefritt kjøtt og kunstig kjøtt… Les mer »

Regjeringens forslag til endringer i bioteknologiloven på høring

15.05.2019

  – Vi foreslår to hovedendringer: Å gjøre.. Les mer »

Frokostmøte 11. juni: Genteknologi og Crispr mot kreft – Hype eller håp?

09.05.2019

Med genteknologier som CRISPR utvikles neste generasjons immunterapier… Les mer »

Workshop for lærere: Nytt digitalt verktøy for ungdomsskolen

08.05.2019

På denne workshopen blir du kjent med det.. Les mer »

Debatt i Tromsø 22.5: Ungdomspolitikere om GMO   

07.05.2019

Hva mener neste generasjons politikere om genredigert mat?.. Les mer »

Bioteknologirådets forslag til ny GMO-regulering er publisert internasjonalt

30.04.2019

I desember i fjor presenterte Bioteknologirådet et forslag.. Les mer »

Uetisk å ikke ta i bruk GMO, mener Etisk Råd i Danmark

29.04.2019

Et stort flertall i Etisk Råd i Danmark.. Les mer »

Arendalsuka: Genredigert mat – hvordan skal den reguleres?

20.04.2019

Hvordan bør genredigert mat reguleres?   Tid: Torsdag.. Les mer »

© 2019 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter