18.08.2011

DNA-teknologi i framtidas etterforsking

Det blir laga DNA-profil frå biologisk materiale samla inn på åstaden. Kan DNA-et òg fortelje noko om utsjånaden til gjerningspersonen? Foto: Science Photo Library/Scanpix.

Kan analyse av DNA-et frå eit spor på ein åstad fortelje oss korleis gjerningspersonen ser ut? I dag er det ikkje vanleg å bruke analysar som kan gi oss slik informasjon, men det kjem, og Nederland og Storbritannia har allereie teke i bruk slike nye metodar.

Av Norunn K. Torheim i GENialt 2/2011

Av og til står etterforskarane utan spor etter gjerningspersonen etter at det har skjedd noko kriminelt. Dei finn ikkje vedkomande i sporregisteret når dei ser på DNA-profil eller fingeravtrykk, og dei har ingen mistenkte. Korleis kunne dei då fått hjelp av DNA-analysar til å finne ut korleis gjerningspersonen ser ut? Dette var tema for prøveforelesinga til Linda Ferrante ved Rettsmedisinsk institutt ved Universitetet i Oslo, då ho disputerte for doktorgraden i mai. Bruk av DNA-analysar i dag DNA-analysar blir i dag brukte til å lage DNA-profilar (sjå faktaboks under) frå biologiske spor. Dersom etterforskarane har ein mistenkt, kan dei samanlikne DNA-profilen frå det biologiske sporet med DNA-profilen til den mistenkte og på den måten få bekrefta eller avkrefta om den mistenkte har vore på åstaden.

Dersom dei ikkje har ein mistenkt, kan dei sjå om DNA-profilen finst i DNA-registeret til politiet frå før, og identifisere vedkomande på den måten. Om dei ikkje finn personen sjølv her, kan det være mogleg å finne nok likskap til at dei finn nære slektningar, og på den måten kjem til rett person. Om ikkje dette gir svar, og etterforskarane meiner at gjerningspersonen oppheld seg for eksempel i ein viss by eller ei viss bygd, kan dei samle inn blodprøver, såkalla referanseprøver, frå alle som bur der, for å sjå kven som har same DNA-profil som det dei har funne. Slik fann politiet gjerningsmannen etter eit drap i Førde i 2004 (les meir om dette på temasida om DNA-analysar for identifikasjon).

Hårfarge, augefarge, høgde og etnisitet?

Men kva kan framtida bringe av nye moglegheiter for å seie noko om gjerningspersonen ved å analysere DNA-et? Ved å studere heile arvestoffet, ved såkalla genomvide assosiasjonsstudiar (genome wide assosiation studies – GWAS), har forskarar prøvd å finne fram til genetiske markørar for ytre trekk. Dei brukar då små mikromatriser/brikker med for eksempel ein million genetiske markørar, og prøver å finne eit sett markørar som kan brukast til å seie noko om for eksempel hårfarge, augefarge, etnisitet og høgde. Kvar markør er ein såkalla SNP (blir uttalt snipp). SNP står for single nucleotide polymorphism. På norsk blir det enkeltnukleotidendring, det vil seie endring i enkeltbasar i DNA-et (sjå faktaboks under).

Med GWAS-metoden har forskarane, ifølgje Ferrante, klart å kome fram til eit sett på seks SNP-ar som predikerer, det vil seie føreseier, om ein person har blå eller brun augefarge med nærare 90 prosent nøyaktigheit. Når det gjeld hårfarge, har dei klart å finne 13 SNP-ar i 11 gen som med omtrent 90 prosent nøyaktigheit kan seie om ein person har raudt eller svart hår. Brun og blond hårfarge er meir avhengig av alder og vanskelegare å predikere. For hudfarge har dei funne tre gen som gir 47 prosent nøyaktigheit, noko som er for dårleg til å kunne brukast i etterforsking. Men ved å bruke ei anna tilnærming har dei kome fram til fem SNP-ar som predikerer hudfarge med litt over 80 prosent nøyaktigheit. For høgde har dei enno ikkje funne ut kva SNP-ar dei kan bruke. I ein ny studie har forskarar funne 180 område, men dei må teste desse områda vidare før dei veit om dei kan brukast. Vi må heller ikkje gløyme at miljøfaktorar, slik som ernæring, kan gje seg utslag på ytre trekk. Ein anna faktor er at fenotype, det vil seie utsjånad, kan kamuflerast. Folk, og òg forbrytarar, kan for eksempel farge eller barbere bort håret, eller bruke farga kontaktlinser for å få ein annan augefarge. Ansiktstrekk er òg noko ein prøver å finne genetiske markørar for. I dag er det berre raudt hår, augefarge og etnisitet det finst kommersielle testar for.

Alder på gjerningspersonen

For å prøve å seie noko om alder på ein person har forskarane prøvd å sjå på mengda mutasjonar i mitokondria i cellene. Mitokondria er kraftstasjonar i cellene og har sitt eige, vesle DNA. I tillegg har dei sett på telomerane, endane på kromosoma, sidan dei blir kortare i løpet av livet. Begge desse tilnærmingane har gitt for usikre resultat. Dei har òg sett på mengda sirkulært DNA i T-cellene, ein type immunceller (sjå faktaboks under). Det blir mindre av dette DNA-et med alderen, men desse cellene finst berre i blod. Dessutan må ein ta høgde for at kjønn og immunsystemet påverkar resultatet.

Type biologisk materiale og alder på spor

Analyse av biologisk materiale kan òg brukast til å seie noko om kva type kroppsvæske etterforskarane har funne, om det for eksempel er blod, spytt eller sæd. I dag blir slike analysar gjort med ulike kjemiske testar, men dersom dei i staden analyserer kva RNA som er laga i cellene (sjå faktaboks under), treng dei berre éin test for å avgjere kva kroppsvæske det er. Analyse av RNA kan òg brukast til å seie noko om kor gammalt sporet er ved at dei ser på forholdet mellom ein type RNA som blir broten raskt ned og ein type som blir broten ned mykje saktare. Slik kan dei for eksempel sjå bort frå biologisk materiale som har lege der før den hendinga som blir etterforska, fann stad, og som då ikkje er interessant for saka. Spor som er relevante for saka, kan seie noko om når ugjerninga skjedde. Etiske og rettslege utfordringar I dag er det, ifølgje Ferrante, berre Nederland og Storbritannia som tillet bruk av testar som kan seie noko om ytre trekk hos gjerningspersonane. Nokre meiner at dette ikkje er større inngrep i privatlivet til enkeltpersonar enn å bruke augevitne, fordi ein berre finn ut ting ein likevel kan sjå. Augevitne er i dag eit veldig usikkert verktøy, derfor treng politiet alternative metodar for å få informasjon om utsjånaden til gjerningspersonane. Andre vil meine at det er forskjell på å bli sett av nokon der og då og det å blir «overvaka» slik at ein kan bli kjent igjen seinare. Dersom dei ved slike analysar finn ut andre ting, for eksempel om sjukdomsrisiko, disposisjon for bestemte typar åtferd og seksuell legning, må bruken vurderast opp mot den enkelte sin rett til å ikkje vite kva informasjon som ligg i DNAet. Vi må òg vurdere faren for stigmatisering og diskriminering og faren for at vi går mot å karakterisere meir enn det vi treng for etterforskinga sin del.

Les om meir om DNA-analysar for identifikasjon på vår temaside om dette.

Kjelder:

FAKTA Arvestoff, gen og DNA-profilar

Oppbygginga av ei celle med namn på nokre av celledelane.

DNA

DNA (forkorting for det engelske deoxyribonucleic acid, på norsk deoksyribonukleinsyre) er arvestoffet som finst i cellekjernen til alle levande organismar.

DNA-molekyl består av to lange DNA-trådar som er tvinna om kvarandre og dannar ein spiral – ein heliks. Trådane er bygde opp av fire forskjellige byggjesteinar/basar (A, T, G og C).

Mennesket sitt arvestoff er fordelt på 46 kromosom, 23 par, der vi i kvart par har arva eitt kromosom frå far og eitt frå mor. Endane på kromosoma blir kalla telomerar.

Kromosoma inneheld gen.Mennesket har truleg ca. 22 000 gen. Alle har dei same gena, men det finst fleire variantar av gena i befolkninga. Gena inneheld oppskrifter på protein. For å lage protein blir det laga RNA-molekyl i cellekjernen som speglar sekvensen i DNA-molekylet. RNA-et blir så frakta ut til cytoplasma i cella, der ribosoma brukar dei som oppskrift for å lage protein. Det er proteina som gir celler, og til sjuande og sist personar, ulike eigenskapar.

Mitokondrium

Er ein type små organ (organellar) med eige DNA. Desse blir kalla mitokondrium og er kraftstasjonane i cellene.

DNA-profilar

Berre éin til to prosent av DNA-et vårt består av gen. I delar av DNA-et finst blant anna område som består av repeterte DNA-sekvensar. Dette er sekvensar av DNA som består av to til fleire hundre basar som blir gjentekne mange gonger etter kvarandre. Talet på repetisjonar varierer frå kromosom til kromosom og varierer spesielt mykje frå person til person. Derfor eignar det seg svært godt til å identifisere personar. Ved å analysere desse områda av DNA-et får ein laga såkalla DNA-profilar, eller DNA-fingeravtrykk, som i dag ofte kjem ut som ei talrekkje på ei datamaskin. Ein slik DNA-profil gir ikkje noko informasjon om eigenskapar som hudfarge eller hårfarge eller risiko for sjukdom.

Sirkulært DNA i T-celler

T-celler er ein viktig del av immunsystemet som blant anna har som oppgåve å oppdage inntrengjarar som bakteriar og virus. For at T-cellene skal kunne kjenne igjen mange ulike inntrengjarar, har dei ulike molekyl på overflata (reseptorar) som kjenner igjen bestemte molekyl (antigen) på inntrengjarane. For å kunne produsere mange ulike reseptorar blir DNA-et i T-cellene omorganisert, og då blir det òg laga små sirkulære DNA-molekyl som biprodukt. Det blir færre av desse sirkulære DNA-molekyla med alderen. Analysar av dette DNA-et kan derfor brukast til å seie noko om alderen til ein person. Dette kan no bli gjort med ei nøyaktigheit på pluss minus ni år.

Kjelde:

ScienceDaily 24. november 2010, Age Estimation from Blood Has Immediate Forensic Application.

Kan ikkje berre skulde på gena

Francis Collins, direktør ved National Institutes of Health, NIH, i USA, er ein av forskarane som var sentral i arbeidet med å kartleggje det humane genomet på 1990-talet og byrjinga av 2000-talet (les om dette på www.bion.no). I eit foredrag for presidenten sitt etiske råd for forsking i USA sa han at ein må vere forsiktig med korleis ein koplar genetisk informasjon og informasjon frå skanning av hjernen, med eigenskapar. Kva om ein finn gen som seier noko om risikoen for at ein person gjentek ei kriminell handling? Skal dette kunne brukast når ein bestemmer kva straff vedkomande skal få? Vi kan kome i ein situasjon der folk skuldar på gena sine og ikkje tek ansvar for eigne handlingar. Collins peikte på at vi allereie i dag veit at dersom vi er i eit rom med like mange menn og kvinner, så er det 16 gonger meir sannsynleg at den eine halvparten, mennene, kjem på kant med lova. Men det er ikkje slik at tiltalte i retten kan forsvare seg med at det var Y-kromosomet som fekk dei til å utføre ulovlege handlingar.

Kjelde:

Francis Collins, foredrag, The Presidential Commission for the Study of Bioethical Issues, 28. februar 2011.

Bruk av data frå helsevesenet?

Helsevesenet sit på biobankar med biologisk materiale frå store delar av befolkninga. For eksempel ligg blodprøver frå alle nyfødde som blir testa for blant anna Føllings sjukdom, i slike biobankar. Prøvene er ikkje meint å skulle brukast til etterforsking, men då utanriksministeren i Sverige, Anna Lindh, vart drepen i 2003, fekk etterforskarane tilgang til ein tilsvarande biobank i Sverige for å bekrefte identiteten til gjerningspersonen.

Bruk av biologiske prøver frå helsevesenet til etterforsking er omstridd. Det er eit viktig prinsipp i samfunnet vårt at opplysningar som er samla inn om oss i helsevesenet, ikkje skal brukast til andre formål. Men nokre meiner at vi like godt kan lage DNA-profilar av nyfødde, slik at vi kan bruke det til for eksempel identifisering ved store ulykker, som tsunamien i 2004, eller til å etterforske alvorlege brotsverk. Kanskje vil politiet då i framtida ikkje ein gong trenge ein mistenkt som dei skal bekrefte identiteten til, men søkje i eit register der dei får treff berre dei har ein DNA-profil frå eit biologisk spor på åstaden.

Sjå artikkelen slik den stod på trykk i GENialt 2/2011.

Siden ble opprettet: 18.08.2011. Siden ble oppdatert: 09.10.2013

Relevante temasider

Flere nyheter

– Vi må forme framtidens bioteknologi sammen

01.09.2014

Bioteknologien kan bidra til å løse vår tids.. Les mer »

Sakskart for møte i Bioteknologirådet 4. september

29.08.2014

SAK 39/05/14 Godkjenning av innkalling og dagsorden SAK.. Les mer »

Vil forby gensnoking

26.08.2014

Det er en krenkelse å genteste andre uten.. Les mer »

Ope møte i Tromsø: Ny metode for fosterdiagnostikk

21.08.2014

Dei fleste barn blir fødde friske. I Noreg.. Les mer »

Designer bakteriefabrikk

21.08.2014

Studenter fra Universitetet i Oslo deltar i forskningskonkurransen.. Les mer »

Åpne møter om syntetisk biologi med Drew Endy

13.08.2014

Kan syntetisk biologi bidra til å gjøre bioteknologien.. Les mer »

Bioteknologi på programmet til Arendalsuka

11.08.2014

En viktig oppgave for Bioteknologirådet er å fremme.. Les mer »

Eksperimentell ebolamedisin fra genmodifiserte planter

07.08.2014

To amerikanerne smittet med ebola ble nylig behandlet.. Les mer »

Ledig stilling: Rådgiver/Seniorrådgiver

04.08.2014

Bioteknologirådets sekretariat utlyser en fast stilling som rådgiver/seniorrådgiver.. Les mer »

En radiotime om gener og livet

04.08.2014

Direktør i Bioteknologirådet, Sissel Rogne, fikk boltre seg.. Les mer »

© 2014 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter