16.09.2011

Ny genmodifisert, insektresistent mais

Foto: yaymicro.com.

Firmaet Syngenta har søkt om å få godkjent ein ny insektresistent, genmodifisert mais til import og bruk i mat og fôr i EU/EØS.

Genmodifisert mais med gen som produserer eitt eller fleire Cry-protein (insektdrepande protein) har vore på marknaden i  10–15 år. I den nye maisen til Syngenta er det nye genet sett saman av to ulike gen som kodar for kvart sitt Cry-protein. Maisen lagar derfor eit protein som er sett saman av dei to andre proteina.

Bioteknologinemnda meiner at Syngenta bør gjere forsøk med det samansette proteinet frå maisplanten. Det held ikkje å vise til forsøk med dei to proteina kvar for seg fordi eit nytt protein kan ha andre og ukjente eigenskapar. Nemnda ønskjer blant anna å vite om det nye proteinet kan forsterke immunreaksjonar på same måte som andre Cry-protein.

Bioteknologinemnda ber om at Syngenta må svare på spørsmål som gjer det mogleg å vurdere om maisen er samfunnsnyttig, etisk forsvarleg og bidreg til berekraftig utvikling, slik genteknologiloven krev. Les meir om desse spørsmåla i rapporten Insektresistente genmodifiserte plantar og berekraft.

Last ned høyringssvaret frå Bioteknologinemnda.

Siden ble opprettet: 16.09.2011. Siden ble oppdatert: 16.09.2011

Flere nyheter

Når gener ikke virker

15.05.2012

Ny forskning tyder på at vi alle har.. Les mer »

Få nyheter fra Bioteknologinemnda på epost

14.05.2012

Nå kan du få nyheter fra Bioteknologinemnda på.. Les mer »

Sjå video frå ope møte: Genmodifiserte plantar og berekraft

14.05.2012

Kan plantar som er genmodifiserte til å tole.. Les mer »

© 2012 Bioteknologinemnda. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter