Bioteknologi og helse i Sør

God helse er ein av dei viktigaste føresetnadane for eit meiningsfullt og godt liv. Kva er dei viktigaste helseutfordringane i utviklingsland, og korleis kan moderne bioteknologi brukast til å betre helseforholda i desse landa?

«I utviklingsland er fattigdom den viktigaste fienden for god helse», har FNs tidlegare generalsekretær, Kofi Annan uttalt. Helse er viktig for lærings- og arbeidsevne, verdiskaping, levealder og sjukdomsrelaterte utgifter – både for samfunnet og for kvar enkelt innbyggar.

Verda er i endring. Sidan 1994 og fram til 2014 har, ifølge Verdsbanken, 33 land tatt steget frå låginntekts- til mellominntekstland og skapt ei større middelklasse. På same tid har ulikskap mellom rike og fattige auka kraftig. Veksten har òg bringa med seg nye helseutfordringar, som livsstilssjukdommar og forureining.

I fattige land er barn og mødrer særleg utsette for helseproblem. Foto: iStock.

 

Sjukdommar som særleg rammar dei aller fattigaste

Trass fleire framsteg slit dei aller fattigaste i verda med store helseutfordringar. Barn og unge og kvinner er blant dei som blir hardast ramma. Årsaker til helseproblem hos mødrer, barn og unge er blant anna knytte til feil- og underernæring, svolt, diaré, malaria, meslingar, anemi, hiv/aids og lungebetennelse. Både mødrer og barn er særleg sårbare i samband med graviditet og fødsel.

Infeksjonssjukdommar som luftvegsinfeksjonar, diaré, hiv/aids, tuberkulose og malaria er ei viktig årsak til sjukdom og død i mange fattige land. Til saman utgjer desse sjukdommane over eitt av åtte dødsfall globalt. Andre smittsame sjukdommar som rammar menneske i utviklingsland er hepatitt, gulfeber, denguefeber, sovesjuke og ebola. Felles for alle desse sjukdommane er at dei er mogleg å førebygge og behandle.

 

Mange helseframsteg, men verdssamfunnet er ikkje i mål

På eit FN-møte i 2000 vart statsleiarane i verda einige om nå åtte konkrete mål, Tusenårsmåla, innan 2015. Fleire av måla gjaldt helse. Satsinga har vore viktig for ein felles innsats mot fattigdom og for utvikling. Tusenårsmåla er no erstatta av FNs berekraftsmål – 17 globale felles mål for innan 2030 å utrydde fattigdom, minske ulikskap og stanse klimaendringar. Helse er eit gjennomgåande tema. Her kan bruk av bioteknologi spele ei viktig rolle i å i motverke mellom anna aids, tuberkulose, malaria og neglisjerte tropesjukdommar, samt å førebygge og hindre hepatitt, vassborne sjukdommar og andre smittsame sjukdommar. For til tross for framgang er verdssamfunnet ikkje i mål:

Baby som får vaksine

Vaksinar kan spele ein viktig rolle i å sikre og fremje god helse. Foto: iStoc

    • Sidan 1990 er talet på barn under fem år som døyr meir enn halvert. Framleis har likevel barn fødde i land sør for Sahara 14 gonger høgare risiko for ikkje å overleve femårsdagen sin enn barn i høginntektsland.
    • Globalt er talet på dødsfall hos kvinner i samband med graviditet og fødsel redusert med om lag 43 prosent frå 1990 til 2015. Ifølge Verdshelseorganisasjon, WHO, døyr likevel framleis om lag 830 kvinner kvar dag i samband med komplikasjonar under graviditet og fødsel. 99 prosent av alle dødsfalla er i utviklingsland.
    • I 2017 levde nesten 37 millionar menneske med hiv. Nesten 22 millionar av desse får medisinsk hjelp. Trass i framgangen bur framleis to tredelar av alle hiv-smitta i verda i Afrika.
    • Barn som veks opp i fattige område er utsette for infeksjonar i nedre luftvegar og for diaré. Hos 16 prosent av alle barn under fem år som døydde i 2015, var infeksjonar i nedre luftvegar årsak.  Diaré er den nest hyppigaste årsaka til dødsfall hos barn under fem år. Tilgang til reint drikkevatn er viktig for å førebygge og behandle.
    • Sidan 2000 har globale tiltak mot tuberkulose ifølge WHO redda 54 millionar menneskeliv, men framleis er tuberkulose ei av dei ti viktigaste årsakene til dødsfall.
    • Nær halvparten av befolkningen i verda lever i område med malaria.  Sjølv om det var 20 millionar færre tilfelle av malaria i 2017 enn i 2010, er sjukdommen fleire stader på frammarsj. To millionar fleire menneske vart råka av sjukdommen i 2017 enn året før.

Norsk bistand innan helse er særleg retta mot vaksinasjon, barnehelse, rettar knytt til seksuell og reproduktiv helse og mødre- og barnehelse.

 

Auka velstand og globalisering gir nye helseutfordringar

Globalisering, urbanisering og befolkningsvekst bidrar til økt spreiing av smittsame sjukdommar. Nokre svært alvorlege virussjukdommar, som ebola og SARS (alvorleg, akutt luftvegssyndrom), kan gi store lidingar og er samstundes utpeikte som trugsmål mot global tryggleik av WHO.

Klimaendringar vil òg kunne gjere at smittsame sjukdommar blir spreidde til nye område ved at organismane som overfører infeksjonssjukdommane, kan leve i nye område. Det er òg eit aukande problem at bakteriar og andre mikrobar, som for eksempel malariaparasitten, utviklar resistens mot tilgjengelege legemiddel.

Auka velstand hos delar av befolkninga i utviklingsland aukar sjukdomsbyrda for mange utviklingsland ved at livsstilssjukdommar som diabetes, kreft og hjarte- og karsjukdommar aukar.

Luftforureining er òg eit aukande helseproblem. WHO anslår at 91 prosent av befolkninga på jorda pustar inn urein luft. 95 prosent av vaksne og barn som blir ramma av sjukdom relatert til urein luft, bur i mellom- og låginntektsland.

 

Kva kan moderne bioteknologi bidra med?

I fattige land kan moderne bioteknologi gjere ein forskjell for å forebygge og behandle sjukdommar. Foto: iStock.

For å førebygge og behandle sjukdommar i utviklingsland kan moderne bioteknologi spele ei viktig rolle. Men forsking på bioteknologi krev ofte mykje laboratoriekapasitet, utstyr og kompetanse, og det er dyrt å utvikle vaksinar og medisinar. Likevel finst det ei rekke initiativ for å ta i bruk moderne bioteknologi i helsearbeidet. India har for eksempel bygd opp eigen farmasi- og biotekindustri, og i Sør-Afrika er det kliniske forsøk for å utvikle vaksine mot hiv. Det er òg fleire samarbeidsprosjekt mellom vestlege land og utviklingsland for å løyse ulike helseutfordringar.Det største potensialet for å bruke moderne bioteknologi for å betre helsa til folk i utviklingsland finn vi innan desse tre hovudområda:

  • diagnostiske verktøy for å sikre god mattryggleik og trygt drikkevatn.
  • smittesporing ved epidemiar og pandemiar.
  • medisinar og vaksinar for å førebygge og behandle sjukdom.

 

Diagnostiske verktøy

Jente drikker vann fra kran

Ei rekke testar tar i bruk bioteknologi for å påvise bakteriar i drikkevatn. Foto: iStock

Gode diagnostiske testar er svært viktige i kampen mot smittsame sjukdommar. Fleire av sjukdommane har symptom som liknar kvarandre, men som skal behandlast på ulike måtar. Det er derfor avgjerande å kunne stille rett diagnose. I enkelte låginntektsland blir for eksempel malariamedisin gitt mot feber, som er eit uspesifikt symptom med fleire moglege årsaker. Tilgang til enkle, gode diagnostiske testar er derfor viktig for å hindre feilmedisinering. I tillegg vil lågare medisinbruk gi mindre utvikling av resistens.

For å kunne førebygge og gi riktig behandling av for eksempel hiv og turberkulose er gode, diagnostiske testar viktige. I fleire utviklingsland finst det no sjølvtestar for hiv, subsidiererte av givarland og private initiativ slik at flest mogleg har råd. Det blir òg arbeidd med å utvikle enklare og billigare diagnoseverktøy for multiresistent tuberkulose slik at fleire skal få riktig diagnose og betre høve for riktig behandling. Eit anna eksempel er utvikling og utprøving av ein hurtigtest som raskt kan påvise ebola i felt.

WHO anslår at berre 71 prosent av befolkninga på jorda har tilgang på reint drikkevatn. Betre tilgang på mikrobiologiske analysar er òg viktig for å førebygge sjukdom som kan overførast frå mat og vatn. Påvising av sjukdomsframkallande mikroorganismar gjer at ein lettare kan sette i gang nødvendige tiltak for å fjerne dei, eller hindre at dei kjem i kontakt med drikkevatn og mat. Det finst ein rekke testar på marknaden, inkludert hurtigtestar, for å påvise forskjellige mikroorganismar som kan gi mat- eller vassboren sjukdom.

 

Smittesporing ved sjukdomsutbrot

Ved å analysere gena til virus og bakteriar kan ein spore kor eit sjukdomsutbrot starta og korleis sjukdommen spreidde seg. Den informasjonen er viktig når ein skal sette inn tiltak for å stoppe spreiinga og hindre utvikling av epidemiar og pandemiar. Genetisk informasjon kan òg brukast til å utvikle diagnostiske testar, vaksinar og medisinar.

Det er viktig at slike data blir gjort tilgjengelege i opne databasar, slik det vart gjort med gensekvensane frå ebola-viruset. Da kan internasjonale forskingsmiljø nytte data og forske vidare.

 

Medisinar og vaksinar for førebygging og behandling

For å behandle alvorlege virusinfeksjonar og hindre utbrot av sjukdom er det mest effektive å vaksinere befolkninga. Vaksinar kan produserast effektivt i laboratorium ved å bruke bioteknologi.

Ei anna viktig medikamentgruppe er antibiotika, som blir brukt i behandlinga av ulike bakterieinfeksjonar, for eksempel dei som gir lungebetennelse og tuberkulose. Antibiotikaresistens, og særleg resistens mot fleire typar antibiotika samtidig (multiresistens), er i mange tilfelle eit stort problem for behandlinga av bakterieinfeksjonar. WHO karakteriserer antibiotikaresistens som den største helsetrusselen som verda står overfor. Bioteknologiske verktøy er viktige i arbeidet med å utvikle nye typar antibiotika. Styresmakter har innført fleire tiltak for at industrien skal forske meir på antibiotika.

Bioteknologi kan òg nyttast for å studere arvematerialet til individ som er resistente mot sjukdommar, og på den måten prøve å forstå korleis immunsystemet handterer infeksjonar. Eit eksempel er ein studie frå Bangladesh av menneske som er resistente mot kolera, der forskarane fann gen som bidreg til resistens. Det kan vere nyttig for å utvikle behandling mot sjukdommen.

 

Kva føresetnadar må vere på plass?

Ein føresetnad for at nye medisinar skal vere til nytte for utviklingsland, er at prisen ikkje er for høg. Gjennom FN og globale fond bidreg Noreg i arbeidet med å redusere prisen på vaksinar og medisinar slik at fleire skal få tilgang.

Det er som oftast vanskeleg å tene på medisinsal i dei fattigaste landa. Derfor går forholdsvis lite av ressursane som blir brukt på medisinforsking til å utvikle medisinar mot sjukdommar som rammar fattige land hardast. Noreg støtter derfor internasjonale partnarskap som arbeider for å utvikle nye vaksinar og legemiddel som ikkje har ein kommersiell marknad.

Hender som holder medisiner

Forholdsvis lite av ressursar på medisinforsking går til å utvikle medisinar mot sjukdommar som er mest utbreidde i fattige land. Foto: iStock

Strid om patent på legemiddel er ein sentral konflikt mellom rike land og utviklingsland, og medlemmar i Verdshandelsorganisasjonen (WTO) har forhandla om slike spørsmål i mange år. Ny medisin som er utvikla, er som regel sikra av patent. Det vil seie at selskapet som har utvikla medisinen, har eit tidsavgrensa monopol på å selje han, vanlegvis over ein periode på tjue år. Det er viktig for selskapet å kunne tene inn utgiftene det har hatt med å utvikle medisinen. Ein konsekvens av patentsystemet er likevel at medisinane blir dyrare i patentperioden enn om fleire fekk lov å konkurrere om å lage den billigaste versjonen. Doha-ministererklæringa under WTO frå 2001 opna for å kunne produsere billigare kopimedisin før patentet er gått ut, til dømes for hiv. For å imøtekomme dei aller fattigaste landa sine helsebehov og sikre flest mogleg tilgang til rimelege medisinar, forlenga WTO i 2015 unntak frå patent til 2033, med høve til ytterlegare forlenging. Avgjera er i samsvar med dei felles måla som verda har sett gjennom FNs berekraftsmål og kvart enkelt land sin rett til å verne om folkehelse og sørge for tilgang til medisinar for alle.

Mange hevdar likevel at denne erklæringa blir undergraven blant anna av bilaterale avtalar (avtalar mellom to land), som ofte hindrar bruken av billige kopimedisinar. Samtidig er falske legemiddel, som kan utgjere ein helsefare, eit aukande problem.

Ofte er det òg vanskeleg å utvikle medisinar og vaksinar som verkar. For eksempel har forsøka på å utvikle ein vaksine mot hiv, så langt ikkje lukkast, sjølv om fleire moglege vaksinar er under uttesting. Når ein har lovande vaksinar og behandlingar mot smittsame sjukdommar, må ein òg kunne teste dei ut på ein forsvarleg måte mens utbrot går føre seg. I tillegg er det nødvendig å ha eit sett av lovande behandlingar før eit utbrot. Det krev globalt samarbeid mellom offentlege og private bidragsytarar. Det er òg viktig med overføring av kunnskap og laboratorieressursar til land i sør slik at dei blir betre rusta til å handtere både kjende og ukjende sjukdommar. Ei utfordring ved alt globalt utviklingsarbeid er moglege hindringar for helsearbeid innad i landa av økonomisk og kulturell art, som for eksempel oppfatningar av kva sjukdom er og årsak. I tillegg kan sosiale og politiske høve vere viktige for om ein ny teknologi blir tatt i bruk eller ikkje.

 

Nokre etiske problemstillingar

Legemiddelindustrien treng pasientar som kan delta i utprøving av nye legemiddel. For pasientane kan dette vere det einaste moglege behandlingsalternativet dei har. I land kor mange pasientar har lite skulegang, kan dette skape utfordringar. Pasienten skal samtykke til utprøvinga, og han skal kunne trekkje seg frå opplegget om, og når, han ønsker det. Samtidig er det viktig at medisinar blir testa ut under dei forholda dei skal brukast, og der sjukdommane finst. Ein pandemi eller liknande kan gjere at ein påskundar utprøvinga av ein medisin som kan redde mange liv. I slike tilfelle kan det vere krevjande å bestemme korleis slik medisinutprøving skal skje.

Under ubrotet av ebola i Vest-Afrika i 2014-2015 måtte prosessane med å prøve ut medisin gå raskare enn vanleg. Foto: iStock.

Utbrotet av ebola i Vest-Afrika i 2014–2015 er eit eksempel på ein krevjande situasjon for medisinutprøving. Utprøving av nye medikament på menneske er strengt regulert og skal skje gradvis, i fire fasar, etter testing på dyr. For å få medisinen ut til pasientane raskt nok under et ebolautbrot, måtte desse prosessane gå føre seg parallelt. Dette medførte ein viss risiko, men bidrog sannsynlegvis til å redde liv og hindra epidemien i å spreie seg. Forskingsetikken seier òg at det kan forsvarast å starte utprøvingar før ein medisin eller vaksine er blitt fullt utprøvd dersom ein veit at den nye medisinen ikkje vil forverre situasjonen for pasientane.

Ei anna aktuell problemstilling er at nye metodar for behandling får ein så høg pris at styresmaktene i fattige land ikkje har råd til å tilby innbyggarane behandlinga. Ei slik utvikling kan motverkast til dømes ved å lage eit toprissystem der medisinane er billigare i fattige land.

Kvart år blir det brukt milliardar på å forske og utvikle betre diagnosar og behandling av sjukdommar. Korleis pengane blir fordelte og brukte, heng ikkje alltid saman med kva det er behov for globalt. Store delar av den medisinske forskinga og utviklinga i verda er retta mot sjukdommar som hjarte-karsjukdommar og kreft, og mindre mot sjukdommar som for eksempel malaria og tuberkulose, som rammar fleire hundre millionar i utviklingsland. Solidaritet og eigeninteresse er gode argument for å investere i medisinar for fattige land. I verda i dag er vi alle nært samanknytte. Å utvikle vaksinar og medisinar mot sjukdommar som først og fremst fins i utviklingsland kan reknast som eit globalt moralsk ansvar. På same tid heng vår eigen tryggleik i stor grad samen med tilstanden i resten av verda. Den globale helsetryggleiken blir derfor ei felles interesse for alle land. Helsetryggleik kan òg vise seg å vere økonomisk lønnsamt. For eksempel vart det estimert at SARS-utbrotet i 2002-2003 kosta den globale økonomien 39 milliardar dollar. Risikoen for smittespreiing ved epidemiar og høva for misbruk av sjukdomsframkallande organismar (bioterror) er òg gode grunnar til å investere i forsking på slike sjukdommar.

 

 

Spørsmål til diskusjon:

 

      • Korleis kan ein sørge for at meir ressursar blir tilgjengelege for forsking på tropiske sjukdommar som rammar fattige land hardast når pasientane som treng medisinane eller det offentlege ikkje kan betale dyrt for produkta?
      • Kan det forsvarast å sende nye medisinar som ikkje er ferdig utprøvde til fattige land når dei er einaste moglege behandling mot ein pågåande epidemi? Kan det forsvarast å ikkje gjere det?
      • Kor stort moralsk ansvar har vestlege land for helsa til innbyggjarane i utviklingsland?

 

Innholdet på denne siden vart sist oppdatert i august 2019.

Send oss en epost dersom du har spørsmål eller kommentarar til innhaldet.

Siden ble opprettet: 13.07.2010. Siden ble oppdatert: 02.09.2019

© 2019 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter