Bioteknologi og helse i Sør

Temaark

Temaark Bioteknologi og helse i Sør

Snarveier på denne sida: Betydninga av helse i utviklingssamanheng Kva er helseutfordringane i Sør? Tusenårsmåla og helse Kva kan bioteknologi bidra med i medisinsk samanheng? Kva føresetnadar må vere på plass? Nokre sentrale sjukdommar Avgrensingane ved ei bioteknologisk tilnærming? Nokre etiske problemstillingar

God helse er ein menneskerett og ei av dei viktigaste føresetnadane for eit meiningsfullt og aktivt liv. Ei betring av helsa blant dei fattige er òg ein føresetnad for kamp mot fattigdom og for auka verdiskaping. Det vil bidra til redusert fattigdom mellom anna gjennom betre læringsevne i barneåra, større arbeidsevne, og reduserte sjukdomsrelaterte utgifter. Sentrale spørsmål for dette faktaarket er: Kva er dei viktigaste helseutfordringane i utviklingsland? Og kva kan bioteknologi bidra med?

Forsiden av temaarket bioteknologi og helse i SørTeksten på denne sida er trykt på eit temaark som sist vart oppdatert i juni 2009.  Temaarket er gratis og kan bestillast eller lastast ned på lenkene oppe til høgre. På den andre fana finn du meir stoff om temaet.

Helse i utviklingssamanheng

FNs tusenårsmål vart vedtekne av FNs hovudforsamling i 2000 som ein handlingsplan med konkrete mål for tiltak mot fattigdom. Tre av måla handlar eksplisitt om helsespørsmål, medan heile sju av dei totalt åtte måla er knytte til betring av helsa til dei fattige. Den store merksemda på helse skuldast ein direkte samanheng mellom betre helse, menneskeleg utvikling, redusert befolkningsauke, fattigdomsreduksjon og økonomisk framgang. Vellukka arbeid for å betre helsesituasjonen kan dermed òg seiast å vere avhengig av å redusere analfabetismen, fordi å lese og skrive er avgjerande for å kunne passe på helsa og  rettane sine, og for å kunne utvikle eit landsomfattande helsevesen. Eit velfungerande helsevesen er òg avgjerande for kor stor eller liten del av folk sin økonomi som kan nyttast til andre gode formål. Derfor får helse både direkte og langsiktige verknader på folks velferd og inntekt, og dermed på fattigdomssituasjonen.

Kva er helseutfordringane i Sør?

Humanmedisinsk bruk av bioteknologi som vi kjenner frå Noreg, inkluderer metodar som assistert befruktning, fosterdiagnostikk, genetiske undersøkingar og genterapi. I utviklingsland er det viktigast å sjå på bruk av bioteknologi for det store fleirtalet. Det vil vere utvikling av medisinar som vaksinar og antibiotika for å førebyggje og behandle sjukdom, samt å utvikle diagnostiske verktøy for å påvise sjukdommar, infisert vatn og mat.

Tusenårsmåla og helse

FNs tusenårsmål som direkte omhandlar helse er:

Mål nr. 4: Redusere barnedød

Globalt har barnedøden minka raskt dei siste 25 åra, men det er store regionale forskjellar. I Afrika sør for Sahara var det ikkje vesentleg framgang på 1990-talet, og meir enn 17 % av levandefødde barn døyr før dei fyller fem år. Aids-epidemien sitt omfang i Afrika har òg blitt ei av dei viktigaste årsakene til dei høge dødstala. Dei fleste barn døyr av sjukdommar som er relativt enkle å førebyggje ved å gi tilgang på sikkert drikkevatn, vaksinar og primærhelsetenester.

Mål nr. 5: Forbetring av helsa til gravide og fødande kvinner

Kvart år døyr fleire enn 500 000 kvinner av komplikasjonar i samband med graviditet og fødsel. Risikoen for å døy er høgast i Afrika sør for Sahara, der 1 av 16 kvinner risikerer å døy av sjukdommar og komplikasjonar som oppstår i samband med svangerskapet eller fødsel. På verdsbasis reknar ein med at 13 prosent av alle desse dødsfalla er knytt til helsefarlege abortar, men i enkelte område er farlege abortmetodar årsaka til opptil halvparten av dødstala blant gravide kvinner. Som for dei andre helserelaterte måla er informasjon og utbygging av primærhelsetenestene ein viktig føresetnad for å redusere dødstala blant gravide og fødande. I denne samanhengen er det behov for prevensjonsrettleiing og spesialisthelsetenester og eit tilvisingssystem for kompliserte fødslar eller abortar.

Mål nr. 6: Stanse hiv/aids, malaria og andre store folkesjukdommar

Hiv/aids, tuberkulose og malaria er dei sjukdommane som tek flest liv i verda, og som rammar fattige land og fattige menneske sterkast. Tuberkulose åleine tek livet av ca. to millionar menneske årleg. Prognosane for hiv/aids er, med unntak av nokre få land, svært urovekkjande og alvorleg. Situasjonen er spesielt ille i Afrika sør for Sahara. I enkelte land er over ein tredel av befolkninga hiv-smitta.

Kva kan bioteknologi bidra med i medisinsk samanheng?

Humanmedisinsk bruk av bioteknologi som vi kjenner frå Noreg inkluderer metodar som assistert befruktning, fosterdiagnostikk, genetiske undersøkingar og genterapi. I utviklingsland er det viktigast å sjå på bruk av bioteknologi for det store fleirtalet. Det vil vere utvikling av medisinar som vaksinar og antibiotika for å førebyggje og behandle sjukdom, samt utvikle diagnostiske verktøy for å påvise sjukdommar, infisert vatn og mat.

Vaksinar og antibiotika

For å utrydde sjukdommar kan ein anten behandle sjukdommen eller førebyggje sjukdommen med for eksempel vaksinasjon. Då er ein avhengig av at vaksinar og medisinar er lett tilgjengelege. Bioteknologi kan vere eit hjelpemiddel for produksjon av antibiotika eller vaksinar tilpassa behova i utviklingsland.

Antibiotika er medisin som blir brukt til behandling av bakterieinfeksjonar (slik som lungebetennelse). Virusinfeksjonar, derimot, er det langt vanskelegare å behandle. Det mest effektive er å vaksinere mot kvar enkelt sjukdom for å hindre utbrot av virussjukdommen. Genteknologi opnar opp for ei utvikling der ein kan framstille slike vaksinar. Nokre av proteina til viruset som er årsaka til sjukdommar, kan for eksempel produserast i bakteriar og isolerast derifrå. Når ein injiserer dei framande virusproteina i kroppen i form av ein vaksine, reagerer immunsystemet på dei. Når det verkelege viruset kjem inn i kroppen seinare, tek immunforsvaret raskt knekken på virusproteina slik at dei ikkje rekk å gjere noko skade.

Stadig fleire protein eller kjemiske stoff som vaksinar eller medisinar kan framstillast meir effektivt ved hjelp av genteknologi. Venteleg vil dette gjere medisinane betre og billegare.

Diagnostikk

For sjukdommar som hiv/aids, der det er svært vanskeleg med behandling i utviklingsland, er det viktig at dei som har sjukdommen, ikkje spreier den vidare. Hiv/aids smittar mellom anna ved ubeskytta sex og ureint sprøyteutstyr. I arbeidet med å førebyggje spreiing av hiv-viruset er det viktig å kunne påvise kven som er smitteberar. Dette kan gjerast ved å teste spytt. Nye bioteknologiske testar er allereie i bruk for hiv/aids i stor skala i land som Kenya, Uganda, Tanzania, Etiopia og India. Testane som blir brukt, er utvikla slik at dei er tilpassa lokale forhold. Det vil seie på stadar som manglar, eller har avgrensa tilgang til, for eksempel straum og kjølesystem.

Betre diagnostikk er òg viktig for å påvise kjente sjukdomsframkallande mikroorganismar i mat og vatn. Påvising av sjukdomsframkallande mikroorganismar gjer at ein lettare kan setje i gang nødvendige tiltak for å fjerne dei, eller forhindre at dei kjem i kontakt med for eksempel drikkevatn og mat. Det finst ei rekkje diagnostiske testar på marknaden for å påvise forskjellige bakteriar i drikkevatn eller mat.

Utanlandske studentar på kurs hos GenØk – Senter for biosikkerhet i Tromsø. Foto: Katrine Jaklin, GenØk.

Kva føresetnadar må vere på plass?

Det kanskje aller største problemet for utviklingslanda er at 90 prosent av forskingsressursane i verda blir brukte på problemstillingar som vedkjem 10 prosent av befolkning i verda. Men dei siste åra har fleire privatpersonar, private organisasjonar og offentlege institusjonar gått saman for å lage vaksinar mot sjukdommar som malaria og hiv/aids (som er spesielt utbreidde i utviklingsland).

Slike initiativ kan truleg vege opp for manglande forsking på sjukdommar som primært rammar fattige folkegrupper med låg kjøpekraft i utviklingsland, og som òg er utan eit sterkt offentleg helsevesen.

Ein føresetnad for at fattige folkegrupper i utviklingsland skal ha glede av nye medisinar, er at dei har tilgang til dei, og då er pris heilt sentralt. Ny medisin som er utvikla, er som regel sikra av patent. Det betyr at selskapet som har utvikla medisinen, har eit tidsavgrensa monopol på å selje. Vanlegvis går dette over ein tidsperiode på tjue år. Det er viktig for selskapet å kunne tene inn utgiftene det har hatt ved utviklinga av medisinen. Konsekvensane kan bli at medisinane blir dyrare i forhold til om fleire fekk lov å produsere medisinen etter at den hadde blitt utvikla (lisensiering og kopiering). Striden om patentar på medisin er ein av konfliktane mellom rike land og utviklingsland, og er under forhandlingar i Verdas handelsorganisasjon (WTO). For særskilt viktige medisinar, slik som dei som blir brukte ved behandling av hiv-pasientar, har landa i WTO blitt einige om at det skal vere lov å produsere rimelege kopimedisinar (sjølv om patentet ikkje er gått ut), men det er òg snakk om eit toprissystem; forskjellige prisar i rike og fattige land.

Ein annan føresetnad for at bioteknologi kan bidra til betre helse i Sør, er at det faktisk vil lukkast å utvikle den ønska medisinen. For eksempel har forsøka på å utvikle ein vaksine mot hiv, så langt ikkje lykkast.

FAKTA – Nokre sentrale sjukdommar

Malaria

Malaria er ein alvorleg, ofte dødeleg, sjukdom som øydelegg dei raude blodcellene hos friske menneske. Malariamyggen (Anopheles) er berar av malariaparasitten (Plasmodium). Myggnett over sengene er effektivt for å hindre smitte av malaria. Sjukdommen tek livet av fleire millionar menneske kvart år i utviklingsland, særleg barn under fem år. Det finst medisinar for å behandle malaria, mellom anna klorokin og kinin, men ingen vaksine førebels. For folk i utviklingsland kan desse medisinane vere både dyre og utilgjengelege.

Hiv/aids

Aids (Acquired Immunodeficiency Syndrome) er eit fagord som beskriv eit syndrom som kan føre til systematisk øydeleggjing av immunforsvaret, og årsaka er viruset hiv (Humane Immunodeficiency Virus). Hiv/aids tek livet av fleire millionar menneske kvart år, særleg i utviklingsland i Afrika. Det finst ingen lækjande kur for hiv/aids. Det finst likevel medisinar som held viruset i sjakk, noko som forlengar livet til hiv-positive med mange år. Det blir òg forska mykje for å finne fram til ein vaksine.

Vatnborne sjukdommar

Dette er sjukdommar som ein får gjennom ureint vatn. Som oftast er problemet at vatn er forureina med helsefarlege stoff eller avføring. Kolera, dysenteri, sniglesjuke (schistomiasis, bilharzia), tyfoidfeber og diarétilstandar er eksempel på slike bakterie- eller parasittsjukdommar som kjem av kloakk i drikkevatnet.

Hepatitt B

Hepatitt B er ein sjukdom som smittar mellom menneske og skuldast eit virus som gir kronisk leversjukdom eller betennelse med symptom som gulsott. Årleg døyr ca. 1 million menneske på grunn av sjukdommen. Den er mest utbreidd i Asia, Afrika og Sør-Amerika. Over 100 land i verda, mellom andre Noreg, har innført vaksinasjon på oppfordring frå Verdas helseorganisasjon (WHO).

Fattigdom er hovudproblemet

For dei fleste av sjukdommane som rammar fattige folkegrupper i utviklingsland, kan det seiast at helseproblema er fattigdomsproblem. Der finst det enkle og godkjente metodar for førebyggjing og behandling. Myggnett mot malaria for å hindre barnedød, bruk av kondom for å hindre hiv-spreiing, familieplanlegging for å redusere talet på uønska graviditetar, opplæring i handvask for å forbetre hygiene, samt vaksinasjonsprogram, er viktige tiltak for å førebyggje sjukdom og død, og dermed bidra til å møte Tusenårsmåla til FN.

Helseproblema i utviklingslanda er knytte til generelle problem ved det å vere fattig, som underernæring og feilernæring, noko som er avgjerande  for sjukdomsutvikling og helse. I tillegg er det generelt eit dårleg utbygd helsevesen og dårlege hygieniske forhold. Her har bioteknologi lite konkret å bidra med i medisinsk samanheng, utover det at ein kan bidra i forbindelse med diagnose og til produksjon av omtalte medisinar. Enkelte hevdar at genmodifiserte matplantar på sikt vil kunne bidra til å utvikle meir næringsrike matvarer for utviklingsland. Dette er omdiskutert og blir drøfta i eit eige temaark om genmodifiserte plantar.

Nokre etiske problemstillingar

Legemiddelindustrien i vestlege land har behov for pasientar som kan delta i utprøving av nye legemiddel. Av den grunn legg ein ofte kliniske utprøvingar til land i Sør fordi det er rimelegare å leige inn forskarar og legar, og å rekruttere pasientar der. Pasientane kan vere i ein situasjon der dette er det einaste moglege behandlingsalternativet dei har. Dette kan vere problematisk. På den andre sida er det viktig at medisinar blir testa ut under dei forholda dei skal brukast, og der sjukdommane finst. Det er derfor eit etisk dilemma korleis ei slik utprøving skal skje. Skal det vere vestleg standard eller er det greitt at det gjeld andre spelereglar?

Ein avtale om å delta i eit medisinsk forsøk baserer seg på pasientens samtykke. Eit slikt samtykke skal sikre pasienten sin rett til å vite kva for behandlingstilbod vedkomande skal få, og samtidig gi pasienten val om å trekkje seg frå opplegget om, og når, vedkomande måtte ønskje det. Eit samtykke kan by på ein del utfordringar i utviklingsland som ikkje har eit sterkt apparat for å handtere dette. I nokre tilfelle kan pasientane bli utnytta.  Norske firma har òg drive med utprøving av legemiddel i Asia og Afrika.

Er det etisk forsvarleg at 90 prosent av forsking og utvikling har mest fokus på sjukdommar som hjerte-karsjukdommar og kreft, som rammar 10 prosent av verdas befolkning i vestlege land, og mindre på sjukdommar som for eksempel malaria og tuberkulose, som rammer millionar av menneske i utviklingsland? På den eine sida ser vi at utviklingslanda i aukande grad blir ramma av dei same livsstilsjukdommane som rike land, men at det er ulike årsaker til sjukdommane. Ein kan òg seie at når det er vestlege land som betalar for forskinga, må dei òg kunne utvikle medisinane dei ønskjer. Eller har ein eit ansvar for å redde flest mogleg liv i verda? Skal hjelpa kome via overføringar, eller skal ein byggje eigen opp kompetanse i landa?

Patentsystemet vi har i dag er omdiskutert av fleire grunnar og spesielt når det gjeld behova til utviklingslanda. Det blir derfor arbeidd med å finne fram til modellar som motiverer til nyutvikling og som er gode for utviklingslanda sine behov.

Siden ble opprettet: 13.07.2010. Siden ble oppdatert: 05.07.2011

© 2012 Bioteknologinemnda. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter