Genmodifiserte planter og mat

Genmodifiserte plantar har fått arvestoffet endra ved hjelp av genteknologiske metodar. Formålet er å gi dei nye, nyttige eigenskapar. Genmodifisering av plantar har skapt intens debatt i fleire tiår, både i Noreg og andre land.

 

LES MEIR: Artikkelarkiv om genmodifiserte plantar og mat

Soya er den mest utbreidde GMO-planta i verda. Foto: iStock.

Det finst ulike metodar for å lage genmodifiserte organismar (GMO-ar). Dei genmodifiserte plantesortane som er på marknaden i dag, er laga enten ved at DNA er overført ved hjelp av jordbakterien Agrobacterium tumefaciens, som har ein naturleg evne til å overføre DNA til ei plantecelle, eller ved hjelp av ein genkanon, der DNA-et vert lagt på partiklar (ofte av gull) som vert skutt inn i cellene med høg hastighet. Ein nyare metode er RNA-interferens, der ein set inn gen som får planten til å produsere korte RNA-bitar som stoppar produksjonen av visse protein. RNA vert òg spraya direkte på planten for å påverke uttrykk av gen.

Nyare former for genmodifisering, ofte omtalt som genredigering, vert òg nytta. Det er metodar der enzym kuttar målretta på visse stader i DNA-et, og ein kan enten få endra, fjerna eller sette inn små eller store DNA-bitar. Genredigering vert òg brukt til å regulere nivået på uttrykk av gen, som ein volumknapp (sjå temaside om genredigering).

Genmodifiserte plantar før og nå

Blant dei første genmodifiserte plantane var tobakk og petunia, som kom tidleg på 1980-talet. Dei vart utvikla for forsking. Ein tobakksplante som var resistent mot virus var den første genmodifiserte planten som vart kommersialisert. Dette skjedde i Kina i 1992. Den aller første genmodifiserte planten som vart godkjend som mat, var tomaten FlavrSavr, som var i sal i USA nokre år frå midten av 1990-talet. Ein liknande tomat var i sal i Storbritannia. Tomatane var genmodifiserte slik at dei skulle modne saktare enn annan tomat, men samstundes halde på smaken og næringsstoffa og dermed tole lagring betre. Årsaka til at FlavrSavr forsvann frå marknaden, var først og fremst at avlinga var for dårleg og ikkje ga nok inntekter samanlikna med andre sortar.

Seinare har mange planteartar vorte genmodifiserte for å brukast hovudsakleg til mat og tekstil, og fleire har teke store delar av marknaden og hatt mykje å seie økonomisk. Dei genmodifiserte plantane det vert dyrka mest av i verda, er soya, bomull, mais og raps. Dei største GMO-produksjonslanda målt i dyrkingsareal er USA, Brasil, Argentina, Canada og India. Soya, mais og raps vert først og fremst nytta i dyrefôr, medan bomull vert brukt til klede.

Dei siste åra har om lag åtti prosent av soyaen som vert produsert i verda, vore genmodifisert. Soya vert mellom anna brukt til matolje, mjølk, dyrefôr og kjøtterstatning. Mange samansette matvarer inneheld ein soyabasert ingrediens.

I grove trekk kan ein dele dei genmodifiserte plantane i to grupper: plantar med endra dyrkingseigenskapar og plantar med endra næringsinnhald.

Endring av dyrkingseigenskapar

I dag er det to hovudtypar genmodifiserte plantar som dominerer marknaden for denne typen GMO-ar: plantar som toler visse sprøytemiddel mot ugras, og plantar som produserer si eiga insektgift i form av protein som tek livet av visse typar skadeinsekt. Stadig fleire GMO-ar har begge desse eigenskapane. Dei kan òg vere resistente mot fleire typar sprøytemiddel og produsere fleire insektgiftprotein samstundes.

Gena som gjer plantar resistente mot sprøytemiddel med glyfosat vert henta frå ulika bakteriar. Foto: Shutterstock.

På åtti prosent av arealet der det vert dyrka GMO, vert det dyrka vekstar som er resistente mot sprøytemiddel med verkestoffet glyfosat. Gena som gjer plantane resistente mot glyfosat, vert henta frå ulike bakteriar. Soya som er resistent mot glyfosat (Roundup Ready-soya), er den mest utbreidde GMO-en i verda. Soyasorten er utvikla av selskapet Monsanto, som òg sel sprøytemiddelet Roundup, som planten er laga for å sprøytast med. Ved sprøyting med glyfosat forsvinn tilnærma alt ugraset, medan den genmodifiserte planten vert ståande igjen på åkeren uskadd. Formålet er at ugrasbekjempinga skal vere enklare og ressursbesparande for bøndene.

Den andre hovudtypen genmodifiserte plantar har fått sett inn eitt eller fleire gen som gjer at plantane produserer éin eller fleire typar såkalla Cry-protein, som fungerer som insektgift. Gena kjem frå jordbakterien Bacillus thuringiensis, og desse GMO-ane vert derfor gjerne kalla Bt-vekstar. Cry-proteina gjer plantane motstandsdyktige mot visse skadeinsekt, særleg larvar av særskilde sommarfuglartar og billeartar. Eitt eksempel er bomullssortar som toler larvar av sommarfuglarten Helicoverpa armigera (på norsk pestfagerfly), som gjer stor skade på bomullsåkrar over heile verda. Når larvane et Bt-bomull med desse giftproteina, får dei skadar på innvollane og døyr. Desse plantane vert nytta som eit alternativ til å sprøyte med insektgift.

SommerfugllarveDet vert òg jobba med å utvikle genmodifiserte plantar som toler virus, sopp, tørke og frost. På Hawaii vert det dyrka ein papayasort som er genmodifisert slik at han er resistent mot eit virus kalla papaya ringspot-virus. Ein nylig publisert studie frå eit storskala feltforsøk med genmodifiserte bananar, som er resistente mot ein soppinfeksjon, har gitt lovende resultat. Soppinfeksjonen forårsakar ein sjukdom kalla panama-sjuka, som er på frammarsj verda over og kan vere øydeleggjande for verdas bananproduksjon. Genmodifisert potet som er resistent mot tørrôte er òg utvikla. Denne er godkjent av matmyndigheitene i USA og er på veg mot marknaden der. Tørroteresistent potet er eit eksempel på ein genmodifisert plante som kan vere aktuell å dyrke i Noreg.

Endra næringsinnhald

Det er òg utvikla genmodifiserte plantar som har fått endra næringsinnhaldet, og fleire slike er under utvikling. Den tørrote-resistente poteten nemnt ovanfor har i tillegg til sjukdomsresistens òg fått arvestoffet sitt endra slik at det vert produsert mindre akrylamid ved varmebehandling ved høg temperatur. Danning av akrylamid skjer for eksempel ved produksjon av pommes frites og potetgull. Akrylamid kan vere kreftframkallande.

Omega-3-feittsyrer er blant dei essensielle feittsyrene som kroppen vår ikkje produserer sjølv. Vi må derfor få dei tilført gjennom maten. Feittsyrene EPA og DHA finst i fisk og sjødyr, og er ettertrakta i både mat og fôr. Olje frå raps som er genmodifisert slik at han lagar EPA og DHA, er under utprøving i fiskefôr. I denne rapsen er det sett inn opp til sju nye gen. Slik rapsolje kan vere eit alternativ til marine oljar i fiskefôr og som kosttilskot for folk som ikkje har tilgang til sjømat.

Fleire selskap har utvikla genmodifiserte soyabønner med endra samansetnad av feittsyrer, som er godkjend i EU for import til mat og fôr. Selskapet Monsanto har til dømes utvikla ein soya med meir fleirumetta og mindre einumetta feitt. Fleire av desse soyasortane vert no prøvedyrka i USA.

Dyrking av «Golden rice» i Thailand. Foto: Shutterstock.

Ein annan GMO med endra næringsinnhald er «Golden rice», «den gylne risen». Denne risen produserer beta-karoten, som kroppen omdannar til A-vitamin. A-vitaminmangel rammar særleg barn og gravide kvinner i låginntektsland og kan gjere dei blinde og meir utsette for sjukdommar og død. Tanken er at problemet med A-vitaminmangel kan reduserast ved å genmodifisere ris, som er hovudnæringskjelda for fattige i Søraust-Asia. Utviklinga av denne rissorten starta i 1992, men han er framleis ikkje på marknaden. Det har vore mykje diskusjonar internasjonalt på om risen bør produserast. Det har òg vore utfordringar undervegs med å stabilisere produksjonen av betakaroten på høgt nok nivå. Den gylne risen er kryssa med lokale sortar i feltforsøk på Filippinane, men det har vore ei utfordring å få fram plantar som gir stor nok avkasting, slik at bønder ønskjer å dyrke dei. I dei siste åra er det utført fleire meir vellykka feltforsøk med ein annan variant (GR2E) av den genmodifiserte risen. Fleire land i Asia, som Bangladesh og Filippinene, utviklar no risen. Australia og New Zealand tillét i desember 2017 kommersielt sal av mat av risen (GR2E). Risen er likevel ikkje meint for kommersialisering, det vil seie for dyrking eller forsettleg sal til matproduksjon, ifølgje myndigheitene. Grunnen til at produsenten har søkt om godkjenning er at risen kan kome inn i verdikjedene for mat i land som eksporterer vesentlege mengder ris til Australia og New Zealand. Produsenten har òg søkt om godkjenning av den gylne risen som mat og/eller fôr i USA, Canada og Filippinene.

Plantar som fabrikkar

I eit rekombinant protein er DNA-et som kodar for proteinet endra, noko som kan gi eit modifisert protein. DNA-et som vert sett saman er frå ulike kjelder, enten frå same eller frå ulike organismar. Rekombinante protein vert brukt i mange ulike prosessar, mellom anna i industrien. Desse proteina vert først og fremst produserte i genmodifiserte bakteriar og gjær (sjå temasida for bioøkonomi). Produksjon i plantar er eit anna alternativ. Det første proteinet til medisinsk bruk som vart produsert i plantar, var serumalbumin frå menneske, som vart framstilt i tobakk i 1990. Sidan er det framstilt industrienzym, blodkomponentar, cytokin, vekstfaktorar, hormon og antistoff i genmodifiserte planter. Dersom ein genmodifiserar kloroplastar og plastid, som er organellar (småorgan) i plantecellene og har sitt eige DNA, kan det produserast svært mykje framand protein, som kan utgjere opp mot 40 prosent av alt proteinet i cellene. Ein annan fordel med å nytte organellar, er at dei ikkje finst i pollen, slik at det vert mindre fare for spreiing til andre planter i naturen. For å unngå spreiing kan ein òg ha produksjonen innandørs i lukka fasilitetar.

Genmodifisert tobakk vert brukt for å lage vaksinar. Foto: iStock.

For ein del år sidan vart det gjort forsøk med å lage vaksinar eller delar av vaksinar i plantar som kan etast, som banan, tomat, potet og salat, særleg med tanke på utviklingsland. Ideen var at det skulle vere billeg å produsere, at ein kunne greie seg utan kjøleanlegg og ikkje trengte å setje sprøyter for å gi vaksinane. Men det viste seg å vere vanskeleg å kontrollere kor mykje av virkestoffet som vart produsert til ei kvar tid, og vaksinane vert fort brotne ned i fordøyingssystemet viss dei ikkje er kapsla inn. Strategien no er derfor å produsere vaksinar i genmodifiserte plantar og så reinse vaksinane frå plantane og gi dei i kapslar. Tobakk er mykje brukt, både fordi han er lett å genmodifisere og fordi ein unngår at vaksineplantane blandar seg med matplantar og kjem over i matproduksjonskjeda.

Biodrivstoff

Genmodifisert mais og raps vert mykje brukt til biodrivstoff, høvesvis bioetanol og biodiesel, i tillegg til mat og fôr. Bioetanol vert framstilt frå plantar som mais, sukkerrøyr, sukkerbete og potet ved gjæring av sukkerartar. Biodiesel vert laga av til dømes raps- og soyaolje gjennom kjemiske reaksjonar. For å lage biodiesel kan ein òg nytte fiskeolje, feitt frå slakteavfall og brukt frityrfeitt.

Bruk av matjord til biodrivstoff har vore kritisert fordi det tek opp areal som kunne vore nytta til matproduksjon.

Eit anna alternativ er å lage biodrivstoff av cellulose frå trevirke. For å bryte ned og omdanne trevirke til etanol vert det brukt enzym. Nye slike enzym vert utvikla med genteknologiske metodar (sjå temaside om bioøkonomi). Men ein kan òg genmodifisere trea eller plantane slik at dei sjølve produserer dei viktige enzyma. I USA vert det marknadsført ein genmodifisert maissort som sjølv produserer eit enzym som bryt ned stivelse til sukker ved høg temperatur. Da treng ein ikkje tilsetje dette enzymet undervegs i etanolproduksjonen.

Ein annan strategi er å endre innhaldet av polysakkarid eller biomassen til plantane som skal nyttast i drivstoffproduksjonen. Døme på slike plantar som er under utvikling, er eukalyptus med mindre lignin, noko som gjer det lettare å bryte ned cellulosen, og eukalyptus som veks fortare og dermed gir meir tremasse på kortare tid.

Påverknad på menneske og miljø

Korleis genmodifiserte plantar påverkar helse og miljø har vore og er framleis mykje diskutert, både i Noreg og i utlandet. Alle GMO-ar som er godkjende i EU har vore risikovurderte for påverknad på helse og miljø av EFSA, som er mattryggleiksorganet i EU. I Noreg gjer Vitskapskomiteen for mat og miljø ei tilsvarande vurdering for norske forhold.

Etter meir enn 20 år med genmodifiserte matplantar på verdsmarknaden, er det samla inn mykje informasjon frå heile verda gjennom forsking og andre rapportar. Det er i dag få vitskaplege studiar som tyder på at dei undersøkte GMO-ane medfører noko helsefare. Når det gjeld risiko for miljø, så har det i dei seinare åra kome fleire samlestudiar eller oversiktsstudiar, der ein samanfattar kunnskap innan dette område. Fleire av desse samlestudiane peikar i retning av at dei genmodifiserte plantane ikkje utgjer noko særleg risiko for miljøet. Men ikkje alle forskarar er samde. Kritiske røstar hevdar mellom anna at me ikkje har lang nok erfaring enno, at det er aspekt med miljøet som ikkje har vore inkludert i studiar, og at eksisterande studiar viser at GM plantar påverkar mangfaldet i naturen i negativ retning.

Pollen frå raps kan reise både med vind og insekt over store avstandar. Foto: iStock.

Spreiing av frø og dermed gen frå genmodifiserte plantar til konvensjonelle avlingar og ville slektningar, er dokumentert. Ulike plantar har ulikt potensial til å spreie seg og overleve og påverke miljøet. Nokre GMO-ar har lågt spreiingspotensial i Noreg, sidan det ikkje er ville plantar som dei kan krysse seg med i området der dei er planta (f.eks potet), eller dei overlever dårleg i vårt klima (f.eks mais og soya). Andre plantar, derimot, har større sjanse for å spreie frøa sine. Pollen frå raps kan reise både med vind og insekt over store avstandar. Ein genmodifisert plante som spreier seg utanfor åkeren der han vert dyrka vil ikkje nødvendigvis gi problem i naturen. Det kjem blant anna an på kor godt planten overlever og spreier gena sine, og kva for betyding dei nye gena vil ha for ein annan organisme.

Dyrking av plantar som er genmodifiserte til å tåle sprøytemiddel vil endre bruken av sprøytemiddel. Bonden vil kunne sprøyte på andre tidspunkt i dyrkingssesongen og med andre type middel enn det han eller ho gjer ved konvensjonell dyrking. Etter fleire år med bruk av eit sprøytemiddel kan det oppstå resistent ugras, både der det vert dyrka genmodifiserte sprøytemiddelresistente plantar og plantar som ikkje er GMO. Resistens kan oppstå spontant gjennom mutasjonar, uavhengig av om det er GMO som vert dyrka. Gen for resistens kan òg overførast ved kryssing dersom pollen frå genmodifiserte sortar kjem over i ville artar som er i slekt med kulturplanten. I og omkring ein sprøyta åker der det vert dyrka GMO-plantar eller konvensjonelle plantar, vert det eit seleksjonspress som gjer at ugras som er resistent overfor det aktuelle sprøytemiddelet lettare overlever og formeirar seg. Utvikling av resistent ugras kan på sikt minske dei fordelane bøndene har ved å dyrke slike GMO-ar, og da må ein finne nye strategiar for å verne avlingane mot ugras. Bøndene kan dermed vere nøydde til å endre tilbake til den gamle måten å sprøyte på, nytte andre sprøytemiddel eller fjerne ugras på andre måtar, som pløying. Ugrasnedkjemping med sprøyting kan gjere at det vert mindre behov for jordbearbeiding (for eksempel pløying).

Fleire studiar peikar no på at plantar som er genmodifiserte til å produsere insektgift (Bt-vekstar), kan ha positive effektar når det gjeld miljø. Til dømes har ein funne at Bt-mais fører til mindre bruk av insektmiddel enn konvensjonell mais. Det er òg vist at Bt-mais kan ha lågare innhold av mykotoksinar (soppgifter) enn mais som ikkje er genmodifisert. Når ein ser på påverknad på miljø er det òg viktig å vurdere kva for andre løysingar som er aktuelle, som bruk av kjemiske insektmiddel. Bakteriane som opphaveleg produserer denne insektgifta som vert uttrykt i Bt-plantar og som gena er henta frå, har òg vore mykje brukt som biologisk kontroll av skadedyr i staden for kjemiske plantevernmiddel. Det kan her nemnast at Bt-plantane lagar insektgift heile tida, medan sjølve bakterien med same insektgift kan nyttast på avlinga når bonden meiner at det er nødvendig.

Bt-bomull er ein mykje nytta GMO i dag, og slike plantar kom i sal på slutten av 1990-talet. Då kunne bøndene sprøyte mindre med insektmiddel, noko som var positivt for helsa til bøndene til dømes i Kina. Ulike Bt-vekstar har gitt fleire fordelar og betre økonomi til bønder, inkludert småbønder i fattige land, meiner fleire. Genmodifiserte plantar som lagar insektgift, kan påverke andre insekt som ikkje skadar avlinga, og som har andre oppgåver i økosystemet. No er det ikkje desto mindre kome fleire samlestudiar som viser at denne påverknaden er liten. Genmodifiserte plantar som gjer mindre sprøyting kan òg føre til større populasjonar av andre insektartar som ikkje vert ramma av Bt-giftstoffa. Eit lågare tal av skadeinsekta som Bt-plantane er retta mot, kan gi fleire angrep på avlingane av andre typar skadeinsekt, som tegar og midd. Skadeinsekta som er måla for Bt-vekstane vil også etter kvart kunne utvikle resistens mot insektgifta, sidan det oppstår eit seleksjonspress. Ein av strategiane for å motverke dette er å lage GM plantar med fleire resistensgen. Dette gjer at det vert meir vanskeleg for skadeinsekta å utvikle resistens.

GMO-ar i eit nord-sør-perspektiv

Det vert fleire og fleire menneske i verda, særleg i utviklingsland, og det må derfor dyrkast meir mat og på ein meir berekraftig måte. Genmodifiserte plantar har vore på marknaden i mange år, men deira bidrag til å hindre svolt og sikre matforsyning i utviklingsland er omdiskutert. Det er hevda at GMO-plantar er utvikla for område i verda der det er mogleg å drive eit industrialisert landbruk med god tilgang på ressursar. GMO-plantar, som insekt- og sprøytemiddelresistente variantar av bomull, har likevel vorte populære i fleire land, òg innanfor småskalajordbruk. Mange bønder har fått betre avlingar og inntening. Andre produsentar igjen opplever problem med sviktande avlingar, særleg fordi sortane ikkje har vore tilpassa lokalt klima og landbrukspraksis.

I debatten om GMO-ar i fattige land står sikring av biologisk mangfald sentralt. Biologisk mangfald er grunnlaget for vidare utveljing og foredling av vekstar som er robuste overfor skadedyr, sjukdommar og klimaendringar. GMO-skeptikarar argumenterer med at introduksjon av nytt såmateriale, som ved GMO-vekstar, kan fortrenge lokale sortar og gå ut over lokal kunnskap om foredling og dyrkingsmetodar og forvaltning. GMO-tilhengarar har på den andre sida argumentert med at det kan dyrkast både GMO- og ikkje-GMO-plantar utan at det går utover mangfaldet. Dei seier videre at introduksjon av nye eigenskapar ved genmodifisering gjer at det vert meir å velje i til utval og foredling. Nye eigenskapar vil kunne gjere matproduksjonen meir effektiv og betre tilpassa framtidige utfordringar som klimaendringar, er nokre av argumenta.

Det har etter kvart vorte utvikla genmodifiserte plantar med andre eigenskapar enn sprøytemiddel- og insektresistens, som matplantar som er meir næringsrike og meir robuste overfor miljøpåverknader som tørke. Desse plantane, i tillegg til plantar som er resistente mot sjukdom, vil kunne ha tyding for matproduksjonen i fattige land. Fleire forskarar og andre ekspertar framhevar likevel at genmodifisering berre er eit av fleire verktøy for å få til ein betre og meir berekraftig matproduksjon i utviklingsland.

Patentar på såfrø

Spørsmål rundt patentering dukkar ofte opp i GMO-diskusjonar. Patent vernar dei som tek kostnaden ved å utvikle noko nytt og kan difor bidra til at fleire produkt vert utvikla og kjem på marknaden. På den andre sida kan patent hindre vidare planteforedling og utvikling av nye sortar. Plantar som er genmodifiserte kan i hovudsak patenterast. Det i dag eit fåtall selskap som dominerer frømarknaden for genmodifiserte plantar. Bøndene kjøper såkorn frå disse selskapa.

Avtalar og lovverk

GMO-ar er i utgangspunktet ikkje forbode i Noreg, men dei må søkjast om anten direkte til styresmaktene eller kome via EU. Det er kun avkutta nellikar som er tillatne for import og sal når det gjeld genmodifiserte plantar i Noreg. Desse har fått endra blomsterfarge. Ingen genmodifiserte mat- eller fôrprodukt er på marknaden per i dag.

Ulike land har ulike regelverk på GMO-området. Informasjon om historikken til teknologi og regulering finst på temasida vår

Tidslinje

I Noreg regulerer genteknologiloven og matloven framstilling og bruk av genmodifiserte organismar, samt mat og fôr frå slike organismar. Matloven regulerer tilverka mat- og fôrprodukt som ikkje inneheld levande, genmodifisert materiale, medan genteknologiloven regulerer levande GMO, til dømes frø som kan spire. Det finst òg ei rekke forskrifter under desse lovane.

Internasjonalt er det fleire forskrifter, lovar og avtaler som gjeld blant anna forsking, produksjon, import og distribusjon av GMO-ar og matvarer frå dei. EU har eigne bestemmingar, og med nokre unntak gjeld dei same reglane i Noreg som i EU.

Cartagenaprotokollen regulerer handel med levande genmodifiserte organismar internasjonalt. Dette er ein avtale om biotryggleik under FN-konvensjonen om biologisk mangfald som 170 land har underteikna.

I Noreg er samfunnsnytte, berekraft og etikk sjølvstendige vurderingskriterium saman med vurderingar av helse- og miljøeffektar, for GMO-ar som skal vurderast under genteknologiloven. Vitskapskomiteen for mat og miljø gjer vurderingar av helse- og miljørisiko av GMO-ar. Bioteknologirådet har ansvar for å vurdere samfunnsnytte, berekraft og etikk. Når ein skal vurdere om ein GMO bidreg til berekraftig utvikling, er perspektivet langsiktig og globalt. Vurderinga av samfunnsnytte derimot gjeld norske forhold og den nære framtida (normalt 10 år). Under etikk skal både miljøetiske spørsmål og spørsmål som gjeld mennesket, vurderast. Påverknad på dyr kjem inn under miljøetikk. Ein må vurdere kven sine interesser som skal prioriterast og argumentere for korfor, når det gjeld dei tre vurderingskriteria. Noreg var det første landet som tok inn omsynet til berekraft, samfunnsnytte og etikk i lovverket for GMO, og seinare har andre land opna for å ta liknande omsyn.

Dersom ei godkjend genmodifisert mat- eller fôrvare skal seljast i Noreg, må ho vere merkt. Forbrukarane skal dermed kunne velje om dei vil kjøpe og ete genmodifisert mat. Unntaket er viss vara utilsikta inneheld materiale frå ein EU-godkjend GMO og det utgjer under 0,9 prosent (det gjeld òg for éin ingrediens i eit samansett produkt).

Fortsatt omdiskutert

Etter omtrent 25 års bruk av genmodifiserte plantar er det framleis stor debatt om bruk av desse. Det er i dag ein betydeleg del genmodifiserte plantar i produksjonen av særleg soya og bomull på verdsbasis, men òg i mais- og rapsproduksjonen. Fleire store samlestudiar går i favør av at dei undersøkte GMO-ane er trygge for helse og miljø. Det er ikkje desto mindre andre omsyn, mellom anna etiske forhold, som òg vil spele ei rolle i korleis GMO-ar vert oppfatta. Til dømes vil det vere ulike syn i befolkninga på bruk av genmodifisering som teknologi. Eit anna forhold som vil kunne påverke oppfatninga av GMO-ar, kan vere korleis dei er nyttige for samfunnet og deira bidrag til ein meir berekraftig utvikling rundt om i verda. Det vert utvikla stadige fleire genmodifiserte plantar med nye eigenskapar, som vil føre til eit behov for å diskutere desse forholda ytterlegare.

Spørsmål til diskusjon:

• Synest du det er riktig eller gale å genmodifisere plantar, og kvifor/kvifor ikkje?
• Korleis kan ein genmodifisert sprøytemiddel-tolerant plante påverke miljøet i positiv retning? Og korleis kan same plante påverke miljøet i negativ retning?
• Korleis kan ein genmodifisert insektresistent plante påverke miljøet i positiv retning? Og korleis kan same plante påverke miljøet i negativ retning?
• Kva for eigenskapar hos ein genmodifisert plante kan vere nyttige for ein bonde i utviklingsland?
• Bør ein tillate sal av den gylne risen til mat i land i Asia? Kvifor/kvifor ikkje?
• Og kva med Noreg, bør/kan ein tillate risen her, med same grunngjeving som i Australia og New Zealand?

Genmodifiserte nelliker

Siden ble opprettet: 13.07.2010. Siden ble oppdatert: 13.07.2018

© 2018 Bioteknologirådet. | Design: Tank - Utviklet av: Spekter